Rovertrekamp

På roverlandsleiren, med vaffel i vinden, dette året deltok Førre. Ikkje veldig mannssterke, men det kvalitative oppveide i stor grad for berre to deltagerar. (Vebjørn og meg, Harald) Saman med Torleif (Torvastad) bestemte me oss for å delta. Fulle av pågangsmot tok me fatt på den fyrste, harde oppgåva: finne navn. Mange fantasifulle forslag så dagens lys, men etter lange diskusjonar endte me opp som stolte og livfarlige NINJASAU!

Advarsel!

Hvis du skulle være så uheldig å støte på en ninjasau, er du ille ute. Det beste du kan gjøre, er å holde en ostehøvel eller fluesmekker høyt hevet, mens du synger ”Macarena”, ”Opps, I did it again” eller ”The Ketchup song”. Gjør for sikkerthets skyld dansene ved siden av, alltid med ostehøvelen eller fluesmekkeren høyt hevet. Hvis alt går bra, skal ninjasauene forsvinne. Hvis ikke … vel, da er du ille ute.

Den fyrste oppgåva var ganske uinteressant for farlege dyr som oss, så i staden for å svare på dei teoretiske spørmåla sprang me rundt i skogen og trente framlengs rulle og annen ninjateknikk. Me endte likevel opp med ein så vidt akseptabel 16. plass. (Kunne vunnet lett, lover!)

Ninjasau, for augneblinken ikkje i action

Den andre oppgåva passa oss mykje betre. For er det noko me ninjaer er gode til, så er det våpenteknikk. Femten minutt før tidsfristen følte me oss verkeleg sjølvsikre, der me gomla gras og inspiserte vårt arsenal av sylkvasse, stilige, perfekt balanserte og sjølvlaga våpen. Etter ei opptelling fant me ut at det var 7 ninjastjerner, 5 kasteknivar, to langstavar, og fire ninjasverd. Dessverre hadde alle tre gløymd at konkurransen gjekk ut på å skyte lengst mogleg med pil og boge. Det bar raskt ut i skogen igjen, og ein gamal einer holdt til ein solid andreplass.

Me bestemte oss for å kompensere for ein litt uheldig start med å knuse alle på den siste aktiviteten, nemlig hinderløype. Som garvede ninjasauer kunne sjølvsagt alle triksa og kunne bevege oss med ein dødelig hurtighet, presisjon og koordinasjon som ingen nokon gong har sett maken til. (Sjølvsagd fordi ingen kan sjå ninjasauer) Dessverre er graset alltid grønare på andre sida, dette fekk me smerteleg oppleve då me vart småsultne på vegen og tok ein litt for lang drøvtyggepause på andre sida av eit hinder. Derfor enda me opp på ein heller pinleg andreplass, slått av nokon sveklingar frå Stavanger.

Alt i alt må me seia at me er svært nøgde med ein andreplass i konkurransen. (Sjølv om me hadde knust alle og alle om me hadde prøvd) Det er kanskje like greit at me tar det litt roleg, så får dei andre og ein sjanse.

Plassering Lag Poeng
1 Elg 225,5
2 Ninjasau 211,7
3 Fjols 208,0
4 V.A.R.G. 2 202,5
5 25. 191,8
6 En Gang Alltid 191,6
7 Fekjan Vikings 188,9
8 IST Experience 177,1
9 Ungdomsmuterte Ninjaskilpadder 174,3
10 Hawaii 169,9
11 God Gammel Årgang 162,7
12 Fyrstelaget 156,1
13 Fekjan Knights 150,1
14 25. II 143,5
15 Rævglefs 139,4
16 Supergluntane 135,2
17 Sloene 135,0
18 Hafjelltroppen 132,9
19 Luremus 131,0
20 Bjørgvins Helter 130,9
21 Nederlaget 130,3
22 Fox 130,2
23 WeLoveKlausKlausen2011 119,7
24 Biler 117,5
25 Vi Menn 116,0
26 Slackers 114,5
27 En Med Snøtt 102,2
28 Sistelaget 78,8

Kjelder:

– http://www.kmspeider.no/no/Kretser_og_grupper/Rover/Roverleir/
– http://ikkepedia.org/wiki/Ninjasau

Legg igjen en kommentar